Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Tidskapselen
Produksjonsliste
Program

Tidskapselen

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Frå hausten 2017 får elevane i 9. klasse eit nytt, spennande og lærerikt tilbod. I samarbeid har Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Den kulturelle skulesekken og Musea i Sogn og Fjordane utvikla kulturarvtilbodet «Tidskapselen». Målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø. Seks av avdelingane ved Musea i Sogn og Fjordane har utvikla kvart sitt tilbod, som årleg skal bli gitt 9. - klassingane i fylket. Nokre skular har allereie museumstilbod til 9. klasse, for desse skulane blir tilbodet gitt til 8. -klasse. Tilbodet er unikt i landet, ingen andre fylke tilbyr ein slik museumsdag til eitt klassetrinn. Dette tilbodet er også eit av dei Kulturtanken har trekt fram i sitt arbeid med kulturarv, og dei har også vore med på prøvevisning av Kvernsteinparken sin versjon.

«Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifkk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

Gjennom dette tilbodet vil DKS Sogn og Fjordane gje elevane og skulane kjennskap til arbeidet med kulturarv generelt og kulturarven i Sogn og Fjordane spesielt.

Viktig praktisk informasjon:

  • Museumsdagane ved fem av musea vert arrangert i tidsrommet frå og med veke 36 til og med veke 40, dvs. frå starten av september til andre veka i oktober. I tillegg kjem tilbodet ved Kystmuseet som vert arrangert våren 2018.«Tidskapselen » er eit heildagstilbod, og så langt råd er skal elevane få tilbodet innan ordinær skuletid. Detaljert informasjon om dato for besøk etc. finn de i turnéplanen.

  • Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

  • Den kulturelle skulesekken dekkjer reisa for skulen. Skulane organiser reisa sjølv, slik det passar best for dykk - anten m/ buss, privatbil eller båt. Skulen tingar transport og ber transportselskapet sende faktura til oss. Dersom skulen ynskjer å nytte privat transport vil dei få køyregodtgjersle for dette. Nokre skular skal besøkje museet samstundes med naboskulen/skulane, det kan då vere praktisk med felles transport saman.

  • Som hovudregel vil programmet på museet starte mellom kl. 09:30 og 10:00, og verte avslutta ein gong mellom kl. 13:00 og 13:30. Oppstart på museet vert tilpassa til når kvar enkelt skule kan vere der, men for at gjennomføring av dagen skal vere god bør elevane vere på museet i om lag tre timar – og gjerne noko lenger der det er mogeleg. Nokre av skulane får ein lang reiseveg til museet, og må utvide skuledagen noko for å gjennomføre museumsdagen. DKS tek direkte kontakt med dei skulane som har lengst reiseveg.Tilbakemelding om kva tidspunkt de kjem til å vere framme ved museet kan sendast til Guro Høyvik (guro.hoyvik@sfj.no), som koordinerer dette med musea.

Fakturaadresse for transport
Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Guro Høyvik, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 LEIKANGER. Fakturaen skal merkast med «DKS Tidskapselen + namn på skulen ».

Fordeling skular

  • Anders Svor museum: Davik skule, Hornindal skule, Stryn ungdomsskule, Eid ungdomsskule.
  • Nordfjord folkemuseum: Selje skule, Stadtlandet skule, Olden skule, Vågsøy ungdomsskule, Hyen skule, Vågsøy ungdomsskule, Gloppen ungdomsskule, Kjølsdalen Montesorriskule.
  • Norsk Kvernsteinsenter: Hyllestad skule, Høyanger skule, Fjaler ungdomsskule, Høyanger skule, Bjordal skule, Lavik skule, Våge skule, Byrknes barnehage og skule, Dalsøyra skule, Eivindvik barnehage og skule, Brekke barnehage og skule Solund barnehage og skule.
  • Sogn Folkemuseum: Aurland barne- og ungdomsskule, Lærdalsøyri skule, Feios skule, Flatbygdi skule, Sagatun skule, Kvåle skule, Kaupanger skule, Farnes skule, Tangen skule, Luster ungdomsskule, Leikanger ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule.
  • Sunnfjord museum: Gjelsvik skule, Naustdal barne- og ungdomsskule, Skei skule, Vassenden skule, Sande skule, Viksdalen skule, Førde ungdomsskule, Halbrend skule.
  • Kystmuseet: Hauge oppvekst, Svelgen oppvekst, Eikefjord barne- og ungdomsskule, Flora ungdomsskule, Askvoll skule, Bulandet skule.

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Musea i Sogn og Fjordane
  • Idé/ opplegg: Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ DKS og Musea i Sogn og Fjordane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

  • Anders Svor museum
  • De Heibergske Samlinger Sogn folkemuseum
  • Kystmuseet
  • Nordfjord folkemuseum
  • Norsk Kvernsteinsenter
  • Sunnfjord museum



Medverkande

  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Musea i Sogn og Fjordane

Multimedia og vedlegg

Bilete

"Tidskapselen" i Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Foto: Lars Opstad/Kulturtanken.
Kulturarv
Trinn: 9 - 9
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Guro Høyvik   tlf: 41530608    | Guro.Hoyvik@sfj.no
Maks publikumsantal
50
Påkledning, publikum
Elevane skal i hovudsak vere utandørs og det er difor viktig at dei kler seg etter vêret. Dei må også ha med seg matpakke og noko å drikke.

NB! Les informasjon under overskrifta "Viktig praktisk informasjon" i feltet til venstre.
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Medverkande
  • Musea i Sogn og Fjordane