Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Kontaktperson:
Forfattarmøte: Maria Parr
Produksjonsliste
Program

Forfattarmøte: Maria Parr

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Maria Parr er barnebokforfattar frå Fiskå i Møre og Romsdal. Ho debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte, som blei nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og blei grunnlag for TV-serien Vaffelhjarte.

Maria Parr seier sjølv:

"Dette er ein turne som femner alle trinn på barneskulen, og opplegget vil variere litt alt etter alder på barna i kvar økt. Men eg har som regel ei tredeling av opplegget:

​​​​​​​1) Eg startar med å fortelje om meg sjølv og om korleis eg vart forfattar. Ved å vise barna korleis det eg tenkte og skreiv som barn framleis er med i bøkene mine håper eg å inspirere dei til eiga skriving og skaping.

2) Så brukar eg tid på høgtlesing. Eg har skrive tre barnebøker: Vaffelhjarte (2005), Tonje Glimmerdal (2009) og Keeperen og havet (2017). For 1.-2.klassingar er Vaffelhjarte den som passar best. Tonje Glimmerdal fungerer godt på dei fleste trinn, men kanskje ikkje med dei heilt yngste. Og Keeperen og havet er ei bok som passar best for 5.-7.klassingar. Dette er ikkje absolutte reglar, og eg er heilt open for å fokusere på den boka som kvar einskild gruppe ønskjer.  

3) Til slutt i økta svarar eg på spørsmål. Erfaringa mi er at ein slik dialog, som er styrt av kva barna faktisk lurer på og spør om, leier til fine samtalar i klasserommet."


Lærarrettleiing

Førebuing

Det er kjekt om elevane kjenner til bøkene på førehand, men det er ikkje ein føresetnad å ha lese heile.  Det er også ein fordel at barna har fått tenkt og jobba litt på førehand med kva dei har lyst til å spørje om!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Maria Parr

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Maria Parr (f. 1981) debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i  2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. I 2017 kom Keeperen og havet, ein frittståande oppfølgjar av Vaffelhjarte. Også denne boka vann Brageprisen. Vaffelhjarte har gått som serie på NRK-super, og dei to første bøkene har vorte sett opp som teater på ulike scener.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Parr bur på Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen og jobbar no som fulltidsforfattar.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Maria Parr
Foto: Agnete Brun
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktperson DKS: Trygve Apalset, tel; 96941221,  epost; trygve.apalset@sfj.no 
Kontaktperson utøvar
Maria Parr, epost: post@mariaparr.no
Programlengde
45 minutt (somme gonger litt kortare med dei yngste elevane)
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom (eventuelt lesekrok el. liknande om elevtalet tillet det, og det går praktisk greitt.)
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune