Sogn og Fjordane fylkeskommune
Postadresse: Postboks 173, 6801 Førde
Besøksadresse: Nærings- og kulturavdelinga, Storehagen 1B, 6800 Førde
Telefon: 576 38 000 • Nettstad: www.skulesekken.no
Møtepunkt himmel og jord
Produksjonsliste
Program

Møtepunkt himmel og jord

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

”Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk ” - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.

Sentrale enmner i ”Møtepunkt himmel og jord” er religiøst mangfald og integrerings-problematikk. Innhaldet kan knytast til tema som historie (kulturarv), arkitektur, geografi, norsk (med utvida tekstomgrep) eller tverrfagleg arbeid, i tillegg til RLE-faget i grunnskule og vgs.

Møtepunkt himmel og jord består av film, nettside og ei ressurskasse med religiøse gjenstandar.

Lærarrettleiing

Film- og nettbasert religionsformidling

Her er samansetjinga av den turnerande ”religionspakken”:

  • Film: Vi presenterer ein kortfilm laga i samarbeid med filmselskapet Flimmer Film i Bergen. Her får vi møte 6 norske ungdommar med ulik kulturell og etnisk bakgrunn som kvar på sin måte fortel om kva dei trur på. Dei har sjølve vore med og laga delar av innslaga, og filmen er ein svært tidsaktuell dokumentar om mangfaldet innanfor religiøs praksis i Noreg i dag. Filmen varer i ca 25 minutt.
  • Nettside: www.himmeljord.no treff du att ungdommane frå filmen, lagt ut som videosnuttar. Vi har laga ei svært innhaldsrik webside med fyldig kunnskapsstoff om dei fire verdsreligionane, og med virtuell tilgong til dei heilage romma til ungdommane i filmen. Eit digital bildebaser for gjenstandar for dei ulike religionane og lenkjesamling finn du også!
  • Ressurskasse: Ein innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytta til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme fylgjer med til skulane. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion!

Møtepunkt himmel og jord er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for RLE - og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege settingar.

Sjå utfyllande informasjon om "Møtepunkt himmel og jord" til venstre under bilda.

Skular som ønskjer det kan kjøpe filmen for å ha den fast på skulen. Kontaktinfo ved bestilling av film: Ring tlf. 41 53 06 10, eller send melding med fakturaadresse til postmottak.kultur@sfj.no

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Skulen er sjølv ansvarleg for formidlinga til sine elevar.
  • Produsent: Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
  • Idé/ opplegg: Den kulturelle skulesekken i samarbeid med Grete Huus.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Møtepunkt himmel og jord
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Utstilling Møtepunkt himmel og jord på Dalsøyra skule
Foto: Dalsøyra skule
Utstilling Møtepunkt himmel og jord på Dalsøyra skule
Foto: Dalsøyra skule
Utstilling Møtepunkt himmel og jord på Dalsøyra skule
Foto: Dalsøyra skule
Utstilling Møtepunkt himmel og jord på Dalsøyra skule
Foto: Dalsøyra skule
Møtepunkt himmel og jord
Foto: DKS
Annet
Trinn: 1 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
DKS, Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Guro Høyvik, tlf. 415 30 608, e-post: guro.hoyvik@sfj.no
Arena / rom
Klasserom
Transport
Den kulturelle skulesekken organiserer transport mellom skulane.
Formidling
Skulen er sjølv ansvarleg for formidlinga til sine elevar.
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
50 min.
Merknad
Merk at kassen er tung, sjåføren som leverer kassen bør køyre den inn på tralle.
Ver også obs på at det kan ta litt tid  pakke ned innhaldet i kassen, hugs å berekne nok tid til å pakke ned før henting.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent
Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.