Sogn og Fjordane fylkeskommune
Adresse: Postboks 173 , 6801 Førde
Telefon: 41 53 06 10•Kontakt : Øyvind Høstaker • Nettstad: http://sff.ksys.no •
Benedicte Maurseth Trio
«Det er noko av det eg syns er så vakkert med å vera ein del av denne tradisjonen, at eg lærer slåttar som har gjenge i frå ledd til ledd bakover i generasjonar, og så sender eg og mange andre disse vidare til neste ledd. Og då er ikkje ein sjølv så jækla viktig, men ein er ein del av ein stor sirkel». (Benedicte Maurseth)
Folkemusikalske røter med ny energi
Mystikken, fargane, det rytmiske suget, det meditative, det improvisatoriske, og ikkje minst fridomen, er kjerna i folkemusikken frå Hardanger. Og nettopp fridomen i musikken er noko av det Benedicte Maurseth og musikarane hennar vil ta vare på og syne fram i dette programmet. Folkemusikk handlar ikkje berre om å ta vare på gamle melodiar, like viktig er det å leike seg med musikken, å improvisere rundt låtane, å kjenne seg fri til å forme musikken etter eige hjarte og dermed kanskje skape noko nytt med utgangspunkt i det gamle. Slik kan ein løfte gamle tradisjonar inn i nye lydlandskap, og slik kan vi få dei gamle melodiane med oss inn i framtida.
Benedicte er også oppteken av klang, lyd og det å variere uttrykket sitt, og ho stemmer gjerne hardingfelene på mange ulike måtar for å endre lydbildet, på den måten kjem også nye klangfargar og overtonar til overflata. I tillegg nyttar ho gjerne ekte tarmstrengar og barokkboge på felene, for å få fram den særeigne djupe og varme klangen i musikken.
Turnéperiode hausten 2011: 21.-30.november (8 dagar)
Kommunar hausten 2011: Sogndal, Førde, Luster, Lærdal, Aurland, Vik, Balestrand, Leikanger, Årdal
Turnéperiode våren 2012: 1203-2303 (10 dagar)
Kommunar våren 2012: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund
Om utøvarar og produsentar
- Arrangert av :
- Sogn og Fjordane fylkeskommune
- I samarbeid med:
-
Rikskonsertane
- Produsent:
-
Roger Johansen, Rikskonsertane
Musikk / Tradisjonsmusikk, norsk
8. trinn - 10. trinn
Praktisk informasjon
- Programlengde:
- 35 minutt
- Maks. publikumsantal:
- 220
- Arena / rom:
- Gymsalen ved skulen eller anna eigna konsertlokale
Arrangørar
- Arrangert av :
- Sogn og Fjordane fylkeskommune
- I samarbeid med:
-
Rikskonsertane
- Produsent:
-
Roger Johansen, Rikskonsertane
Les meir
Medverkande
- Benedicte Maurseth (Hardingfeler, song)
- Anders Bitustøyl Sæbø (Kontrabass)
- Snorre Bjartmann Bjerck (Perkusjon)
