Sogn og Fjordane fylkeskommune

Adresse: Postboks 173 , 6801 Førde

Telefon: 41 53 06 10Kontakt : Øyvind HøstakerNettstad: http://sff.ksys.no

Utvid
Tilbake

JOIK - har større kraft enn krutt

Musikalske urkrefter frå nord

Joiken blir rekna som ei av dei eldste nolevande musikkformene i Europa

I denne produksjonen vil elevane få møte to av dei mest rutinerte formidlarane av samisk kunst og kultur i Noreg, Terje Tretnes og Halvdan Nedrejord. Desse to vil på nært hald og heilt akustisk gje elevane ei direkte oppleving av joik. Utøvarane vil formidle kunnskap om ulike former for denne urgamle musikktradisjonen, og elevane vil få oppleve nokre av dei samanhengane der joik ofte vert nytta.

Turneperiode hausten 2011: 15.november-6.desember (16 dagar)

Kommunar hausten 2011: Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger, Gaular, Naustdal og Flora

Om utøvarar og produsentar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:

Rikskonsertane

Produsent:

Roger Johansen, Rikskonsertane, e-post: rj@rikskonsertene.no


Om kunstnar / utøvar / gruppe

Terje Tretnes er frå Karasjok. Han er kjend som ein dyktig utøvar av joik med omfattande kunnskapar om samisk kultur. Han er også ein svært etterspurd "storyteller" der han kombinerer forteljingar med ulike former for joik.

Halvdan Nedrejord er også frå Karasjok og har vore frilansmusikar, kyrkjeorganist og komponist i mange år. Han har komponert musikk til TV, film, ballett- og teaterframsyningar, til installasjonar og museum i tillegg til pedagogiske føremål. Sidan Halvdan starta som skulekonsertmusikar i 1984, har han spelt 1400-1500 konserter innanfor ei rekkje stilarter.


Medverkande

  • Terje Tretnes (Joik, forteljing)
  • Halvdan Nedrejord

Multimedia og ressursar

Bilete

Terje Tretnes og Halvdan Nedrejord

Musikk / World Music, tradisjonell
1. trinn - 7. trinn

Praktisk informasjon

Programlengde:
35 minutt
Maks. publikumsantal:
160
Arena / rom:
Gymsalen ved skulen eller anna eigna konsertlokale

Arrangørar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:

Rikskonsertane

Produsent:

Roger Johansen, Rikskonsertane, e-post: rj@rikskonsertene.no

Les meir

Medverkande

  • Terje Tretnes (Joik, forteljing)
  • Halvdan Nedrejord

Rullebrett 2.0 debug

Site: (3062 sff) Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kommune:

Language: nn