Sogn og Fjordane fylkeskommune

Adresse: Postboks 173 , 6801 Førde

Telefon: 41 53 06 10Kontakt : Øyvind HøstakerNettstad: http://sff.ksys.no

Utvid
Tilbake

Kompis i all verda

Ei rytmisk reise med glimt i auget

Nytt skulekonsertprogram i Kompis-serien

Distriktsmusikarane i Gloppen er kjende for å utforske stadig nye musikalske landskap og sjangrar, og dei tek gjerne med seg elevane som medspelarar. I dette Kompis-programmet har musikarane sett saman ein musikalsk meny som er inspirert av melodiar og rytmar frå ulike verdsdelar, og resultatet har vorte eit program med ein utvida musikalsk horisont, bokstaveleg tala. Deler av musikken er arrangert og tilrettelagt for elevmedverknad slik som på dei andre Kompis-produksjonane.


Førearbeid

Musikarane ynskjer at elevane deltek på konserten med song og samspel. Arrangementa er fleksible og fungerer heilt fint utan at alle stemmene vert nytta, det er berre å velje ut kva stemmer ein vil vere med på. Arrangementa kan øvast inn med både enkeltelevar og større eller mindre grupper. Musikarane ynskjer at elevane deltek på minst ein av dei to songane og minst eit av dei to samspelsarrangementa.

To songar:

1 Vintersong (Finland)

2 Misirlou (Hellas)

 

To samspelsarrangement: 

1 Myggsong (Ungarn)

2 Muniras dans (Uiguristan)

Notar og tekst er lagt ved i PDF-format, og kan lastast ned frå desse sidene (Sjå under "Ressursar" til høgre i menyen). Det er også mogleg å laste ned lydfiler i mp3-format.

Samspelsarrangementa er enkle, og skal forhåpentlegvis kunne øvast inn på ein musikktime eller to. Kanskje kan kulturskulen også kontaktast?

Takk for lånet av Vintersong og Muniras dans som er henta frå boka Fargespill.

Øvingstime

På konsertdagen vil musikarane ha ei øvingsøkt med elevane, der ein går gjennom det som skal framførast saman med musikarane, i tillegg til planlegging av litt spontan medverknad. Det er også rom for at skulen kan få framføre ein eigen song frå eit anna land på konserten. Dersom musikarane får vite om dette på førehand kan det jo hende at dei kan henge seg på også.

Planlegging

Ta gjerne kontakt med musikarane (kontaktperson: Otto Ose) eller produsent (Øyvind Lyslo) dersom det er noko de lurer på!

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent:

Øyvind Lyslo, mob. 90113433, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no


Utøvarkontakt

Kontaktperson utøvar/ medverkande:

Otto Ose, mob. 92 82 82 72, e-post: ottoose@hotmail.com


Medverkande

  • Otto Ose (Fiolin)
  • Henrik Silfverhielm (Cello)
  • Janne Øisang Grinaker (Piano)

Musikk / World Music, samtid
1. trinn - 7. trinn

Praktisk informasjon

Programlengde:
ca. 35 minutt
Maks. publikumsantal:
160

Arrangørar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Produsent:

Øyvind Lyslo, mob. 90113433, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Les meir

Medverkande

  • Otto Ose (Fiolin)
  • Henrik Silfverhielm (Cello)
  • Janne Øisang Grinaker (Piano)
Les meir

Rullebrett 2.0 debug

Site: (3062 sff) Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kommune:

Language: nn

Alle sites

__notransform