Sogn og Fjordane fylkeskommune

Adresse: Postboks 173 , 6801 Førde

Telefon: 41 53 06 10Kontakt : Øyvind HøstakerNettstad: http://sff.ksys.no

Utvid
Tilbake

Linked together

A good composer does not imitate - he steals! (Igor Stravinsky)

Kvar musikksjanger har sitt særpreg, men likevel er det mykje som er likt frå stilart til stilart.

I vårt vestlege tonale system er det framleis berre 12 ulike tonar å velje mellom, og vi spelar framleis i både dur og moll slik som for fleire hundre år sidan. I dette programmet set gitaristen Jacob Wyrtz og bassisten Harald Løkeland fokus på at svært mykje musikk td. er bygd opp kring nokre sentrale akkordar, som vi ma. finn i blues. Kanskje finst det samanhengar som vi ikkje var klar over?

Lærarrettleiing


Førebuingar

  • Vi ber om at musikklæraren ved skulen finn fram til 1-3 el-gitaristar som skal vere med på ein av låtane på konserten i lag med musikarane.
  • Gitaristane må møte fram 10 min. før konserten for ei kjapp instruksjonsrunde. Gitaristane må ta med gitar og forsterkar. 
  • Det er fint om dei kan spele bluesskalaen, men det er tilstrekkeleg om dei spelar litt el-gitar frå før.
  • Musikarane tek utgangspunkt i el-gitaristane sine forkunnskapar og legg opp medverknaden på låten etter dette.  

Om utøvarar og produsentar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kunstnarar/grupper:
Distriktsmusikarane i Førde
I samarbeid med:

Distriktsmusikarane i Førde

Produsent:

Øyvind Lyslo, tlf. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Ide / opplegg:

Musikarane i samarbeid med produsent Øyvind Lyslo


Utøvarkontakt

Kontaktperson utøvar/ medverkande:

Jacob Wyrtz, tlf. 474 00 943, e-post jwyrtz@gmail.com


Om kunstnar / utøvar / gruppe

Jacob Wyrtz er frå Danmark og har musikkutdanning frå Århus i tillegg til studiar med Alex Garrobé i Spania. Han spelar både el-gitar og klassisk gitar og har erfaring frå mange ulike stilartar. I tillegg til å arbeide som distriktsmusikar i Førde er han også kapellmeister i Mrs. and the Pitifuls, med Idun Losnegård som vokalist.

Harald Løkeland (bass) har musikk grunnfag frå høgskulen i Volda og bachelorgrad i Musikkvitenskap frå Universitetet i Oslo. Harald har brei stilmessig erfaring frå både jazz, blues, rock og pop, og spelar også med korps, kor og i revysamanheng. Harald jobbar til dagleg ved Førde kulturskule og underviser i bass, gitar og band.


Medverkande

  • Jacob Wyrtz (Gitar, vokal)
  • Harald Løkeland (Bass)

For presse


På leiting etter linkar

Dei to musikarane Jacob Wyrtz og Harald Løkeland på skulekonsertturné i Nordfjord og deler av Sunnfjord med programmet "Linked together".

Sjølv om kvar musikksjanger har sitt særpreg med sin eigen kombinasjon av musikalske ingrediensar som melodi, rytme og harmoni, er det likevel mykje som er likt frå stilart til stilart. I vårt vestlege tonale system er det framleis berre 12 ulike tonar å velje mellom, og vi spelar framleis i både dur og moll slik som for fleire hundre år sidan. I dette programmet set gitaristen Jacob Wyrtz og bassisten Harald Løkeland fokus på at svært mykje musikk td. er bygd opp kring nokre sentrale akkordar. Kanskje er ikkje skilnaden på td. pop og klassisk så stor som vi trur?

Gitaristen Jacob Wyrtz er frå Danmark og har musikkutdanning frå Århus i tillegg til studiar med Alex Garrobé i Spania. Han spelar både el-gitar og klassisk gitar og har erfaring frå mange ulike stilartar. I tillegg til å arbeide som distriktsmusikar i Førde er han også kapellmeister i Mrs. and the Pitifuls, med Idun Losnegård som vokalist. Harald Løkeland spelar bass har teke musikk grunnfag på Høgskulen i Volda i tillegg til bachelorgrad i Musikkvitenskap frå Universitetet i Oslo. Harald har brei stilmessig erfaring frå både jazz, blues, rock og pop, og spelar også med korps, kor og i revysamanheng. Harald jobbar til dagleg ved Førde kulturskule og underviser i bass, gitar og band.

Det er skulane i Førde, Luster, Balestrand, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Leikanger som får besøk av dette skulekonsertprogrammet denne gongen. Rikskonsertane si skulekonsertordning er ein del av Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

Multimedia og ressursar

Bilete

Linked together

Foto: Henri Eftevand

Harald Løkeland og Jacob Wyrtz

Foto: Øyvind Lyslo

Musikk
8. trinn - 10. trinn

Praktisk informasjon

Programlengde:
ca. 35 minutt
Maks. publikumsantal:
220
Arena / rom:
Gymsalen ved skulen
Merknad:
  • Det er ikkje naudsynt med piano til denne konserten.
  • Konsertlokalet må ha vanleg romtemperatur.
  • Musikarane treng bærehjelp av fire-fem sterke elevar før og etter konserten (-ane).
  • Musikarane nyttar langveggen i konsertlokalet (gymsalen).
  • Publikum sit i ein halvsirkel med midtgang. Gjerne med benkar fremst, slik at ein ser bra bakover i salen.
  • Lærarane sit saman med elevane under konserten.
  • Kontaktlærar og vaktmeister må gjerast kjende med denne informasjonen.

 

Arrangørar

Arrangert av :
Sogn og Fjordane fylkeskommune
I samarbeid med:

Distriktsmusikarane i Førde

Produsent:

Øyvind Lyslo, tlf. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Les meir

Medverkande

  • Jacob Wyrtz (Gitar, vokal)
  • Harald Løkeland (Bass)

Rullebrett 2.0 debug

Site: (3062 sff) Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kommune:

Language: nn