sff

Talenta kjem heimatt med skulesekken

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 15.08.16

Vi kan by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur når vi no opnar årets kulturelle skulesekk for elevane i fylket.

Koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane Øyvind Høstaker er stolt over programmet han kan by på for komande skuleår. – Vi er svært glade for å kunne tilby eit godt og variert program i skulesekken kommande skuleår. Både dans, visuell kunst, teater, musikk og litteratur har fått plass. I år er det ekstra kjekt å ha fått på plass mange unge kunstnarar frå fylket, seier Høstaker.

Thea Hjelmeland for ungdomsskulen og alle vidaregåande skular

Ein av dei unge kunstnarane frå fylket er spellemannprisvinnar og ein av Sogn og Fjordane sine mest kjende artistar, Thea Hjelmeland.  Saman med bandet sitt spelar ho for elevar i ungdomsskulen i Sogn og på alle dei vidaregåande skulane i fylket. Den unge artisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar, der den siste plata "Solar Plexus" fekk strålande kritikkar og også spellemannpris for beste indie- plate. Thea byr på seg sjølv gjennom eit sterkt låtmateriale prega av ein stemmebruk få gjer henne etter. Ho nyttar stemma si nærmast instrumentalt og i eit stort register. Når vi legg til at musikken er kjenneteikna av mykje energi, catchy refreng og ikkje minst av Thea si traktering av ei mengd ulike strengeinstrument, trur vi at vi kan garantere ei konsertoppleving i fleire dimensjonar. Med seg på konserten har ho eit knippe dyktige musikarar med slagverkaren Peter Baden i front. Det blir også høve til å møte Thea Hjelmeland og bandet på ein offentleg kveldskonsert i samband med denne turneen.

Scenekunst, byplanlegging, musikk og film

Programmet for DKS kommande skuleår er variert og held høg kvalitet. Mellom anna får dei yngste elevane i Sogn sjå danseframsyninga «Dans vêret» basert på boka «Når det regnar i Afrika» av Erna Osland. Kouame Sereba møter borna og viser og fortel om ordet «sah», som betyr både samhald, glede, fest, rytme og tromming, på ein gong! Og alt er 100% improvisert når hiphoptrioen «Stor overraskelse» kjem til Sunnfjord for å halde konsert.

Mellomtrinnet i Førde skal besøkje utstillinga «Barn ingen adgang», som stiller spørsmål til kvifor dei barn i liten grad får vere med å bestemme i arbeid med by- og stadutvikling. Til Nordfjord kjem distriktsmusikarane i Sogn med «Giovanni frå Dalen» for å lære vekk musikalske sjekketriks. Elevane i Nordfjord får også sjå filmen «Dans for livet», om Vilde som dansar halling og er ein av Noregs beste, men som mest av alt vil at bestefaren skal leve så lenge som mogeleg.

Ungdomsskuleelevane i Sunnfjord får besøk av filmskapar Hisham Zaman og hans prisvinnande kortfilm «Bawke», som handlar om ein far og son på flukt. Og både Sunnfjord og Sogn får besøk av «Fantasiatango»  der finske Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft, både rytmisk og utadvent og melankolsk og sørgmodig.

Elevar i den vidaregåande skulen får sjå aktuelt teater mellom anna i «Do not feed the trolls» med Collectif Krumple, og førdinanaren Oda Kirkebø Nyfløtt i spissen. Stykket tek føre seg råskapen, skadefryden og idiotien hos nettrolla, som mange unge møter dagleg.

I monologmusikalen «Kom heimatt, gut» er det Fredrik Høstaker (Førde) og Jostein Avdem Fretland (Lærdal) som kjem tilbake til heimfylket med eit teaterstykker der eit sentralt spørsmål er om det er mogleg å leve av draumen på bygda.

Høstaker har berre denne meldinga til alle elevane i Sogn og Fjordane:

– Anten du bur på Bulandet eller i Årdal, går første år på grunnskulen eller siste år på vidaregåande, så vil skulesekken dukke opp med spennande og gode kulturopplevingar på din skule!

Den kulturelle skulesekken

 

For meir informasjon

Øyvind Høstaker
koordinator, Den kulturelle skulesekken
Sogn og Fjordane fylkeskommune
oyvind.hostaker@sfj.no
952 22 1

 

Kom heimatt, gut. Illustrasjonsfoto.

Kom heimatt, gut. Illustrasjonsfoto.

Fredrik Høstaker og Jostein Avdem Fretland i "Kom heimatt, gut".

Mariell Øyre.