sff

Fagdagar for vidaregåande skule

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 23.09.16

Denne veka har Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ nærings- og kulturavdelinga og opplæringsavdelinga arrangert tre fagdagar for dei vidaregåande skulane i fylket.

På fagdagane vart DKS- programmet for dette skuleåret presentert og knytt til tverrfaglege og fleirfaglege tema og mål i læreplanane.

Fagdagane har vore arrangert i Førde, på Nordfjordeid og i Sogndal. Dei frammøtte frå skulane fekk mellom anna presentert utdrag frå monologmusikalen "Kom heimatt, gut" med Fredrik Høstaker og Jostein Fretland, dei fekk også høyre skodespelar Oda Kirkebø Nyfløtt frå  teaterensemblet The Krumple Theatre Company fortelje om teaterstykket "Do not feed the trolls". Sogn og Fjordane teater fortalte om  stykket "Privattimen", og med ei lita videohelsing introduserte Thea Hjelmeland konserten som ho og bandet hennar skal spele for alle VGS- elevar til våren.
 

 

Kom heimatt, gut på fagdag for VGS, Førde 2016

Kom heimatt, gut på fagdag for VGS, Førde 2016

Fredrik Høstaker og Jostein Fretland speler utdrag frå stykket "Kom heimatt, gut" på fagdag for vidaregåande skular 2016.

Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane / Øyvind Høstaker