sff

"Do not feed the trolls" for VG1 og VG2.

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 18.10.16

Kva skjer med kommunikasjonen mellom menneske når ein kan vere anonym? Kven er eigentleg desse «nettrolla» og kva er det som driv dei? Har du sjølv vore eit nettroll nokon gong?

I teaterframsyninga “Do Not Feed the Trolls” tek det internasjonale teaterkompaniet The Krumple føre seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internettroll. Inspirert av dagsaktuelle og verkelege hendingar tek dei tak i trollinga som skjer på nett, og ynskjer å gje publikum den same kjensla av ubehag og sadistisk glede.

Denne veka og neste er The Krumple på turné til alle vidaregåande skular i fylket, og spelar for elevar i 1. og 2. klasse. Etter framsyninga vert det ei samtale mellom skodespelarane og elevane i salen. Du kan sjå heile turneplanen her.

 

"Do not feed the trolls", illustrasjonsfoto. Foto: Fredrik Borgund.

"Do not feed the trolls", illustrasjonsfoto. Foto: Fredrik Borgund.

Oda Kirkebø Nyfløtt har hovudrolla i teaterkompaniet The Krumple sitt teaterstykke "Do not feed the trolls".

Fredrik Borund