sff

Turnéane er i gang!

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 06.01.17

I veke to er vi i gang att med DKS- året for fullt, men første turné starta allereie i veke ein.

Marit Hætta Øverli, Espen Høgmo og Klemet Anders Buljo er allereie i gang med sin turné med "ALO". Denne veka har dei vore på Breim skule, Nordstranda skule, Vassenden skule og Skei skule. Neste veke spelar dei for elevar i 1. - 7. klasse ved skular i Gloppen og Vågsøy.

I neste veke skal også Geir Vegar Hoel og Lykke Kristine Moen spele "Katta i sekken" for dei yngste elevane ved barneskular i Førde, og på måndag er dei på Flatene skule. Adele Lærum Duus skal besøkje skular i Selje og Bremanger med "Farfars bombekrater", og startar med Stadtlandet skule i dag.

Følg lenkene for å finne meir informasjon og fullstendige turnéplanar.

 

ALO - alltid

ALO - alltid

Marit Hætta Øverli, Klemet Anders Buljo og Kari Heimen i "ALO- alltid".
Foto: Rikskonsertane

Rikskonsertene