sff

"Sameblod".

Guro Høyvik @ Sogn og Fjordane // 06.02.19

I veke seks og sju viser vi spelefilmen "Sameblod" for elevar på alle dei vidaregåande skulane i fylket.

 Filmen fortel historia til 14 år gamle Elle Marja, ei reindriftssamisk jente. Ho blir utsett for rasisme på 1930-tallet, og rase-biologiske undersøkingar på kostskule. Ho byrjar å drøyme om eit anna liv, og for å oppnå det må ho endre seg, og bryte alle band med eigen familie og kultur. Sameblod er ein film som også utforskar ungdomsopprør, sjølvrealisering og økonomisk makt. Vi får sjå korleis eit samfunn kollektivt kan påføre menneske skamkjensle som fører til sjølvforakt og øydelagde familiar.

Etter filmvisninga vil elevane få møte og samtale med skodespelar Lene Cecilia Sparrok og formidlar Anders Fitje.

Meir informasjon og turnéplanen finn du her: skulesekken.no/produksjon/1163196.

 

Sameblod, illustrasjonsfoto.

Sameblod, illustrasjonsfoto.

Sophia Olsson/Storytelling Media.