sff

Sjekkliste for kulturkontakten

Øyvind Høstaker @ Sogn og Fjordane // 22.12.14

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, DKS og utøvarane. Her finn du viktig informasjon for kulturkontakten. 

Informasjon

Foto: David Zadig


• Kulturkontakten skal halde DKS Sogn og Fjordane  oppdatert på timeplanar og elevtal

• Være godt orientert om tilbodet som kjem frå DKS Sogn og Fjordane. Prioritere høgt å delta på DKS sin konferanse på hausten

• Sjekke nettsida www.skulesekken.no  jamleg

• Sjekke e-post dagleg

• Sjekke fakta-ark, lærarrettleiing og tekniske spesifikasjonar  på www.skulesekken.no

• Gjere informasjonen om framsyningane lett tilgjengelig t.d. på oppslagstavler/ lærarrom

• Vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda

• Følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen

• Syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde

• Bestille buss dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. DKS refunderer alle kostnader til transport når det er DKS som har lagt opp til reise i turneplanen

Ruteselskapet  fakturerer direkte til DKS og må merkje fakturaen med namnet til skulen og kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld + dato.
Fakturaadressa vår  er:

Sogn og Fjordane Fylkeskommune, kulturavdelinga, postboks 173, 6801 Førde  

 

Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen

Kulturkontakten er skulen sin kontaktperson for utøvarane.
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.

• Vere hyggelig vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
• Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom
• Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga
• Takke utøvarane

Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyningar
• Er konsertlokalet ledig?
• Trengs det bærehjelp?
• Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
• Skal det være blending?
• Er temperaturen i lokalet ok?
• Er det nok straum tilgjengelig?
• Korleis  skal elevane plasserast?

Etter framsyninga
• Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering på KSYS etter besøk/framsyning.

Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er de publikum på linje med elevene? Kven grip inn i dei tilfella det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. bråk?
 

Vis interesse; sjå framsyninga i lag med elevene og kollegaer!

 

Foto: David Zadig

Begge foto: David Zadig