sff

Enkelt å bruke ksys!

Ei rettleiing for kulturkontakter og andre som skal finne produksjonar og evaluere tilbod på heimesida til Den kulturelle skulesekken, ksys.

Skulane har tidlegare fått tilsendt rettleiing til korleis de enkelt finn fram på ksys. No har vi laga ei med meir tekst, og mindre bilde, som tek føre seg dei mest aktuelle gjeremåla for ein kulturkontakt. Det handlar om å enkelt finne fram ein produksjon som skal til skulen, sjekke ein turnéplan og sende inn evaluering.

Særleg for nye kulturkontakter håpar vi denne rettleiinga er nyttig, Frå tid til annan vil fleire i kollegiet ha trong for å kunne meir om ksys, som t.d. når kulturkontakten er vekke og lærarane treng informasjon her og no. Slik sett vil det vere ein stor fordel om så mange som råd har tilgang til vedlagte rettleiing til bruk av ksys. Ei meir omfattande rettleiing finn de ved å gå inn på Orgdot sine heimesider og lese den utfyllande brukarmalen der. 

Lukke til! 

 

Vinter i Vieåsen, Førde

Vinter i Vieåsen, Førde

Foto: Margrethe Henden Aaraas