sff

Kommunane sine gjeldane DKS-planar.

Kvart år vert 1/3 av midlane som vert tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune til grunnskulane,  fordelt vidare ut til kommunane. For å få midlar må kvar kommune ha ein godkjend 3 årsplan for det lokale arbeidet sitt.
Kulturavdelinga sender kvar vår brev til dei kommunane som må levere ny plan.

Tildeling av midlar på bakgrunn av nye planar skjer i eit fellesmøte med fylkesmannen i august kvart år.
Til dei kommunane som har godkjende planar, vert midlane betalt ut automatisk så lenge planen gjeld.

 

På denne sida ligg til ei kvar tid kommunane sine godkjende planar, til informasjon og inspirasjon for andre.