sff

Aktuelt

Felles barn, felles ansvar 14.-15.september 2017

Felles barn, felles ansvar 14.-15.september 2017

Påmelding til "Felles barn, felles ansvar 2017" her->

Programmet for konferansen finn du her ->

Publisert:09.05.17

Samlar kunst og kultur i Kulturtanken

Samlar kunst og kultur i Kulturtanken

Frå nyttår vart Kulturtanken operativ som Kulturdepartementet sin eigen etat for kunst og kultur for barn og unge i skulen. Kulturtanken har difor det nasjonale ansvaret for Den kulturelle skulesekken og det som tidlegare var skulekonsertane.

Publisert:21.02.17

Les meir

Thea spelar for over 4000 elevar

Thea spelar for over 4000 elevar

Thea Hjelmeland er i desse dagar på DKS- turné og spelar for over 4000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Publisert:31.01.17

Les meir

Turnéane er i gang!

Turnéane er i gang!

I veke to er vi i gang att med DKS- året for fullt, men første turné starta allereie i veke ein.

Publisert:06.01.17

Les meir

God jul!

God jul!

DKS-teamet takkar for eit godt år! 2017 blir spennande med nye oppgåver og omlegging til Kulturtanken Den kulturelle skulesekken Norge.

Publisert:21.12.16

Les meir

Programmet for våren 2017 er klart

Programmet for våren 2017 er klart

Alle turnéplanane for våren er no publiserte.

Publisert:06.12.16

Les meir

Best i landet på DKS

Best i landet på DKS

Sogn og Fjordane fylke har fått førsteplass på Norsk kulturindeks 2016 når det gjeld tilbod i Den kulturelle skulesekken (DKS).  Vi deler førsteplassen med Telemark fylke.

Publisert:07.11.16

Les meir

"Do not feed the trolls" for VG1 og VG2.

"Do not feed the trolls" for VG1 og VG2.

Kva skjer med kommunikasjonen mellom menneske når ein kan vere anonym? Kven er eigentleg desse «nettrolla» og kva er det som driv dei? Har du sjølv vore eit nettroll nokon gong?

Publisert:18.10.16

Les meir

Fagdagar for vidaregåande skule

Fagdagar for vidaregåande skule

Denne veka har Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ nærings- og kulturavdelinga og opplæringsavdelinga arrangert tre fagdagar for dei vidaregåande skulane i fylket.

Publisert:23.09.16

Les meir

Talenta kjem heimatt med skulesekken

Talenta kjem heimatt med skulesekken

Vi kan by på dans, eksotisk musikk, scenekunst, visuell kunst og litteratur når vi no opnar årets kulturelle skulesekk for elevane i fylket.

Publisert:15.08.16

Les meir

Felles barn, felles ansvar 2016

Felles barn, felles ansvar 2016

Kulturkonferanse for DKS, UKM og kulturskulane på Scandic Sunnfjord hotell. 8.-9.september 2016

Påmeldingsskjema ->

Program for konferansen ->

Publisert:31.05.16

Les meir

Direktør for Kulturtanken

Direktør for Kulturtanken

Lin Marie Holvik er tilsett som direktør for Kulturtanken. Ho har bakgrunn frå skulesektoren, og skulesekken har fått gode høve til å bli enno betre knytt til skulen sitt arbeid. Vi ynskjer hjarteleg velkommen!

Publisert:20.07.16

Les meir

Digital katalog 2016-2017

Digital katalog 2016-2017

Den digitale katalogen for  DKS skuleåret 2016-2017 er no klar, og du kan du no bla deg gjennom her ->

Publisert:21.06.16

Siste dag for "Tankelaboratoriet" i denne omgang.

Siste dag for "Tankelaboratoriet" i denne omgang.

I dag var siste dag på turné for "Tankelaboratoriet" i Sogn og Fjordane i denne omgang, og turen var kommen for besøk til Aurland barne- og ungdomsskule.

Publisert:27.04.16

Les meir

11 turnéar på vegen!

11 turnéar på vegen!

Denne veka har vi heile 11 turnear ute på skulane i Sogn og Fjordane. Du finn heilt sikkert noko som skal til ein skule der du bur.

Publisert:05.04.16

Les meir

Turnéstart for DRUMDRUM! og MHOO.

Turnéstart for DRUMDRUM! og MHOO.

I dag startar turnéane med DRUMDRUM! og MHOO, dei skal besøke skulane i Nordfjord og Jølster.

Publisert:30.03.16

Les meir

Flott omtale av turné med "Så vakker du er"

Flott omtale av turné med "Så vakker du er"

Rikskonsertane skriv i dag om "Så vakker du er" og turnéen på skulane i fylket.

Publisert:10.02.16

Les meir

"TAKK!" er ute på barnehageturné.

"TAKK!" er ute på barnehageturné.

Denne veka starta Ann Kristin Andersson og Inga Rennemo Johansen sin barnehageturné i Sogn og Fjordane med "TAKK!".

Publisert:10.02.16

Les meir

Ung 2016

Ung 2016

Ung 2016 er i gang. Først ut er Førde ungdomsskule med innøving i veke 4 og premiere 30.januar. Deretter følgjer fem andre ungdomsskular rundt i fylket.  
Les meir om prosjektet her ->

Publisert:26.01.16

Så vakker du er

Så vakker du er

Våren 2016 samarbeider DKS med Sogn og Fjordane teater om tre produksjonar. Først ut er "Så vakker du er" som vert synt for elevane på ungdomstrinnet i Sunnfjord/ytre Sogn.
Omtale av framsyninga
Teaser til "Så vakker du er" 

Publisert:07.01.16

Les meir

God jul!

God jul!

Vi takkar for godt samarbeid i 2015!

Publisert:21.12.15

Les meir

Sju tilbod på vegen!

Sju tilbod på vegen!

Denne veka har vi mange tilbod ute på turné til skular i fylket, heile sju stykker.

Publisert:04.11.15

Les meir

Skuleturné med prisvinnande dronefilm

Skuleturné med prisvinnande dronefilm

I neste veke startar turneen med dokumentarfilmen DRONE. Den prisvinnande filmen tek oss med til innsida av den hemmelege dronekrigen CIA har ført, og fører, blant anna i Pakistan. Vi møter menneske som lever under dronane, og dronepilotar som slit med vanskelege kjensler rundt det å drepe menneske med ein joystick frå USA.

Publisert:21.10.15

Les meir

"Felles barn, felles ansvar"

"Felles barn, felles ansvar"

No er det berre ei veke att til kulturkonferansen "Felles barn, felles ansvar". Fylkeskommunen ved Den kulturelle skulesekken (DKS) og UKM inviterer saman med kulturskulane til kulturkonferansen til ein konferanse som mellom anna tek opp mogelegheiter for å oppnå meir saman.

Publisert:10.09.15

Les meir

Prisvinnarar til skulen

Prisvinnarar til skulen

Koordinator Øyvind Høstaker er stolt over programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane komande skuleår. Han lokkar med sirkus, eksotisk musikk, teater og hemmelege heltar – og ikkje minst; prisvinnande film og teater.

Publisert:19.08.15

Les meir

DKS-program for 2015-2016

DKS-program for 2015-2016

Katalogen for DKS-tilbodet komande skuleår eg no klar og kan lesast her ->

Publisert:12.06.15

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar"

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar"

"Frå Bygd til Beat - HipHop som identitetsbyggjar" skal ut til ungdomsskular i Sunnfjord og ytre Sogn, og musikarane starta på ungdomsskulane i Eikefjord og i Naustdal i dag.

Publisert:27.04.15

Les meir

Vi inviterer til grendakonsert: Blues på Bryggja!

Vi inviterer til grendakonsert: Blues på Bryggja!

Saman med Bryggja skule og Rikskonsertane inviterer vi til grendakonsert i Bryggja Grendahus tysdag 28. april. Konserten er open for alle og heilt gratis.

Publisert:24.04.15

Les meir

Stort oppslag om teikneseriar på skular i Nordfjord

Stort oppslag om teikneseriar på skular i Nordfjord

I påska hadde Fjordenes Tidende eit kjempeflott oppslag om "Teikneserieverkstad" som teikneserieskapar Tore Strand Olsen har reist med i Nordfjord for Den kulturelle skulesekken.

Publisert:08.04.15

Les meir

Stiller viktige spørsmål om maten vår

Stiller viktige spørsmål om maten vår

Teaterframsyninga "MAT" stiller spørsmål om kvifor vi dyrkar stadig mindre av maten vår sjølv, og importerer stadig meir, om kvifor det vert stadig færre gardsbruk i distrikta, om mattryggleik, og om kor bærekraftig vi driv jorda vår.

Publisert:24.03.15

Les meir

Får sjå "Vaffelhjarte" likevel.

Får sjå "Vaffelhjarte" likevel.

I dag vert "Vaffelhjarte" spelt for elevar ved skular i Førde og Viksdalen, men også for elevar som tek turen heilt frå Kalvåg!

Publisert:10.03.15

Les meir

No kan du søkje om kunstnaropphald hos Seanse i Volda

No kan du søkje om kunstnaropphald hos Seanse i Volda

Arbeider du med ein idé til ein kunstproduksjon for barn eller unge? Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda inviterer kunstnarar og kompani innan alle sjangrar til å søkje om arbeidsopphald hos dei i juni. Søknadsfristen er 3. mars.

Publisert:20.02.15

Les meir

Leselyst og fysisk aktivitet for alle?

Leselyst og fysisk aktivitet  for alle?

Då er dagen her! Vi er med på å arrangere det vi trur blir ein spanande kveld i Førde IL sitt klubbhus på Hafstadparken i Førde. Målsetjinga med arrangementet er å formidle litteratur til barn og vaksne på ein ny måte og på ein ny stad, i fotballgarderoben:)

Publisert:12.02.15

Les meir

Samlingar for lærlingar i fylket

Samlingar for lærlingar i fylket

I dag, i går og i morgon arrangerer Sogn og Fjordane fylkeskommune samlingar for lærlingar i fylket, på Kaupanger, på Eid og i Førde. Vi i DKS er med!

Publisert:11.02.15

Les meir

Snart kjem Mikkel og Reverockerne og rockar barnehageborna i Sogn:)

Snart kjem Mikkel og Reverockerne og rockar barnehageborna i Sogn:)

Mikkel og Reverockerne er nokre skikkelege luringar som samlar på tekstar for born.

Publisert:02.02.15

Les meir

Brevet til kjærleiken

Brevet til kjærleiken

I dag er Sigrid Moldestad og musikarane hennar komne til Høyanger, og skal halde konsert for Høyanger VGS og Sygna VGS. Songane elevane får høyre er frå plata "Brevet til kjærleiken" og er tekstar av Jan- Magnus Bruheim, tonesette av Sigrid.

Publisert:28.01.15

Les meir

Blues med sus i Jostedalen

Blues med sus i Jostedalen

Tysdag kveld heldt Good Time Charlie grendakonsert i ungdomshuset Dølaheimen i Jostedalen, saman med elevar frå Jostedal oppvekstsenter.

Publisert:22.01.15

Les meir

Komfortsona utfordra i Umeå

Komfortsona utfordra i Umeå

Vår skulekonsertprodusent Øyvind Lyslo deltok før jul på den internasjonale produsentsamlinga Blackboard Music Project i Umeå, Sverige. Samlinga er ein del av eit EU- prosjekt der målet er å styrke både kvaliteten og kvantiteten på konsertar for barn og unge i heile Europa.

Publisert:16.01.15

Les meir

Nye teikneseriar frå elevar i Nordfjord

Nye teikneseriar frå elevar i Nordfjord

Dei første stripene frå teikneserieverkstaden med Tore Strand Olsen på Stadlandet skule og Eid ungdomsskule er ferdige. Det er elevane som finn på handlinga og Tore som teiknar.

Publisert:14.01.15

Les meir

PIANOVIRTUOS MØTER BARNEHAGEBORN

PIANOVIRTUOS MØTER BARNEHAGEBORN

Distriktsmusikar Dorina Komani elskar å spele for born, og gler seg til å besøke barnehagar.

Publisert:07.01.15

Les meir

Turnéstart for «Vaffelhjarte»

Turnéstart for «Vaffelhjarte»

Tysdag 6. januar starta den fylkesdekkande turneen med teaterstykket «Vaffelhjarte». Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane sender i samarbeid med Sogn og Fjordane teater stykket ut på turné for alle elevar i barneskulen i fylket. Dette er ei storsatsing, og den mest omfattande turneen nokon gong i DKS i Sogn og Fjordane.

Publisert:07.01.15

Les meir

Ressursbase for skulane

Ressursbase for skulane

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa har som mål å auke kvaliteten i kunst- og kulturfaga i barnehagane og grunnopplæringa. Senteret har ein rikhaldig ressursbase som skulane fritt kan nytte i eige arbeid med kunst. og kulturfaga.

Publisert:21.11.14

Alt klaffer!

Alt klaffer!

"Alt klaffer når Maria Parrs "Vaffelhjarte" iscenesettes på teater for første gang" skriv Bergens tidende i ein omtale. Stykket er no i gang med framsyiningar på Den Nationale Scene i Bergen. På nyåret turnèrer Sogn og Fjordane teater og DNS stykket i skulesekken. Turneen omfattar alle born på 1.-7.steget  i hele fylket.

Publisert:15.10.14

Skulesekken 2014-2015

Skulesekken 2014-2015

Til skulestart vert det sendt ut ei enkel brosjyre som syner tilbodet for skulesekken for komande skuleår. Du kan også sjå den i pdf-formar her->

Publisert:18.07.14

Les meir

Vaffelhjarte til alle elevar i barneskulen neste vår

Vaffelhjarte til alle elevar i barneskulen neste vår

Våren 2015 sender Den kulturelle skulesekken teaterstykket Vaffelhjarte ut på turné. Stykket skal visast for alle elevar i barneskulen i her fylket.

Publisert:20.05.14

Les meir

Internasjonal scenekunst i skulesekken

Internasjonal scenekunst i skulesekken

Det franske kompaniet Cie Arcosm turnerer til vanleg i Frankrike og Europa med framsyningane sine. I februar og mars er det dei vidaregåande skulane her i fylket som får oppleve "TRAVERSE", der musikk,dans,teater og mime smeltar saman.

Ein liten video med smakebitar frå framsyninga ser du her.

Publisert:04.03.14

Les meir

Samisk besøk

Samisk besøk

Skular i Sunnfjord har dei siste veke fått besøk av forfattaren Sigbjørn Skåden. Han tek utgangspunkt i boka si "Samer", som er ei faktabok for born. Gjennom ulike økter er det både eit miniforedrag om samisk historikk og kultur, eit lynkurs i samisk og tid for elevane å praktisere noko av kunnskapen dei får. Halbrend skule er mellom dei som har fått besøk

Publisert:11.02.14

"Brev til kongen"

"Brev til kongen"

For andre år på rad hentar Hisham Zaman den gjevaste prisen for beste nordiske film på filmfestival i Gøteborg. I år var det for filmen "Brev til kongen".
Hisham var tidlegare i vinter på turnè med kortfilmen "Bawke" på skulane i Nordfjord.

Publisert:02.02.14

Fotball; lidenskap eller galskap?

Fotball; lidenskap eller galskap?

Komande veke startar Ragnhild Lund Arnes ei rundreise på ungdomsskular i Nordfjord. Bøkene hennar viser kva fotball gjer med fansen og med enkeltspelarane i engelsk toppfotball. Foredraget er ei engasjerande og lidenskapeleg reise -  i heile spekteret frå fotballgalskap til fotballavsky.  Tirsdag 28.januar er det også eit besøk på Stryn bibliotek kl 19:00

Publisert:24.01.14

Markering av grunnlovsjubileet i Sogn og Fjordane

Markering av grunnlovsjubileet i Sogn og Fjordane

2014 er året for markering av grunnlova. I samband med det er nettsida sfj1814.no oppretta. Her vert det ei oversikt over alle markeringane i Sogn og Fjordane, og den kan vere ein ressurs for skulane i jubileumsåret. Lenkja til sida vert liggande til høgre her på www.skulesekken.no

Publisert:24.01.14

Nytt semester for full musikk

Nytt semester for full musikk

Turnèane for våren er i full gong. Utøvarar innan mellom anna teater, dans, musikk, teikning, litteratur  og  film, gjer seg no klar til å besøke skulane i fylket.
Også nokre barnehagar får musikktilbod, og først ut er "Mikkel & Reverockarane".

Publisert:10.01.14

Eit jubelår i skulesekken!

Eit jubelår i skulesekken!

Jubileumsåret for fylket går mot slutten. I skulesekken har dette vore markert gjennom nokre store ekstrasatsingar, og totalt sett har over 30 turnèar vore rundt på skulane med kunst og kultur.

Publisert:20.12.13

Les meir

«Eg kunne ha sete heile dagen og høyrt på Hisham Zaman»

«Eg kunne ha sete heile dagen og høyrt på Hisham Zaman»

Filmskaparen Hisham Zaman har møtt undomsskuleelevar i Nordfjord med filmen sin "Bawke". Hisham er prisløna for fleire av filmane sine. Han var sjølv kurdisk flyktning og det var ei svært truverdig historie elevane fekk del i. I tillegg til eit engasjerande og viktig tema fekk dei også innblikk i viktige sider ved det å lage film.

Publisert:29.11.13

Les meir

Amerikareisa

Amerikareisa

"Amerikareisa" er storsatsinga til Den kulturelle skulesekken (DKS)  i jubileumsåret. Produksjonen er støtta av både av fylkesjubileet og DKS. Den skal innom alle dei  vidaregåande skulane i fylket samt ha nokre opne kveldsforestillingar i løpet av november.

Publisert:11.11.13

Les meir

Digital katalog

Digital katalog

Alle turnear i DKS for skuleåret er samla ein digital katalog. Her kan du både bla fram og tilbake som i ein vanlig katalog,eller nytte dei aktive lenkjene for meir informasjon eller kontakt.
Vi håpar alle kan vere med å spreie lenkja til katalogen i sitt nettverk.

Publisert:25.10.13

The Fox som biletbok

The Fox som biletbok

Brødrene Nyhus turnerar DKS i haust og til våren med "To menn og ei tavle". Samstundes har ei ny biletbok for born blitt til.
Ylvis sjølv kontakta Svein Nyhus: "Vi fikk tidlig i prosessen lyst til å gjøre denne sangen om til en barnebok og tenkte å være så freidige å spørre den beste illustratøren med én gang."

Publisert:22.10.13

Les meir

Har du sett?

Har du sett?

Til skulestart sender DKS ut ein folder til alle foreldre. Denne syner alle framsyningane i skulesekken dette skuleåret, og  vert sendt til skulane og vidare med "ranselpost" til heimane.  Sjå folderen i pdf her ->
For meir informasjon om kvar enkelt framsyning finn ein det her på  www.skulesekken.no, og det vil i tillegg bli sendt ut ei meir omfattande digital brosjyre.

Publisert:08.08.13

Nettverksmøte for kunstnarar i region vest.

Nettverksmøte for kunstnarar i region vest.

10.september inviterer vi til nettverskmøte for kunstnarar som har eller skal turnere i DKS i fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er gratis å delta og det er mogleg å søkje reisestøtte. All informasjon finn du ved å lese litt meir her.

Publisert:07.06.13

Les meir

Stor auke for Den kulturelle skulesekken!

Stor auke for Den kulturelle skulesekken!

Tilskotet til DKS har vore uendra sidan 2007, og det var difor svært gledeleg å få melding om at ordninga på landsplan no får ei auke frå 167 mill. til 200 mill.  For Sogn og Fjordane blir tilskotet  Kr. 7 021 026,-  Nøyaktig korleis dette fordeler seg mellom fylket og kommuanane vert klart seinare, men det betyr ei markert auke i alle ledd.

Publisert:30.05.13

Kvinnestemmer i Sogn og Fjordane

Kvinnestemmer i Sogn og Fjordane

Laurdag 4.mai 2013 stod kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane vart opna, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.
Utstillinga har også eit samarbeid med DKS, og alle ungdomsskulane i fylket får tilbod om å sjå den på sitt museum i løpet av året.

Publisert:05.05.13

Har gitt filmhjelp i heile fylket

Har gitt filmhjelp i heile fylket

Stian C.  Fagelid og Andreas Altermark har no turnert alle vg2 klassane i fylket med www.filmhjelp.no  Det er gode tilbakemeldingar framsyninga og Hafstad vgs. har ein fin omtale på nettsida si som også linkar vidare til "Firda"og  innslag på "NRK- Sogn og Fjordane"

Publisert:25.04.13

Gjøgling på Raudeberg

Gjøgling på Raudeberg

"Guds gjøgler"  har snart turnert heile fylket. Her er det gjøgling og og viritous flamencogitar som tek elevane med i forteljinga som er  basert på barneboka"Guds gjøgler". Fleire skular gjev omverda innblikk i hendingar på skulen og her deler Raudeberg skule fine bilder med oss.

Publisert:17.04.13

Inspirerande ballade

Inspirerande ballade

Elevar i Sogn har fått utfordring og inspirasjon til å lage eigne bilete i møte med Jorunn Mulen sin "Visuell ballade".
Leikanger barneskule er ein av dei

Publisert:15.03.13

Vellukka grendakonsert

Vellukka grendakonsert

I samband med skulekonsertturneen til Majorstuen og Fylkesmusikarane har Rikskonsertane og fylkeskommunen prøvd ut ei konsertform som er heilt ny i DKS.

Publisert:14.03.13

Les meir

Vann NM i breakedance!

Vann NM i breakedance!

Abcense crew var både i fjor og er i år ute på turne i DKS i fylket. Etter å ha vunne NM forrige helg kan dei kalle seg Dei kan no kalle seg norges beste breakarar. Vi gratulerer så mykje og ynskjer lukke på ferda, både med teater på DNS og når dei seinare skal turnere i DKS.

Publisert:28.09.12

Les meir

Møtepunkt himmel og jord

Møtepunkt himmel og jord

Programmet "Møtepunkt himmel og jord", som har vore rundt på ungdomsskulane dei siste tre åra, kan no tingast valfritt for skulane for våren 2012. På bakrunn av påmeldinga vert det lagt ein turnè. Påmelding her innan 15. november >>

Publisert:12.10.11

Les meir

Evaluering etter Jubileumskonferansen DKS

Evaluering etter Jubileumskonferansen DKS

Vi ynskje ei tilbakemelding frå dei som var på Jubileumskonferansen
Fyll ut det elektroniske evalueringsskjemaet her->

Publisert:09.09.11

Les meir

Digital katalog for skuleåret 2016-2017

Oppsett av programmet for 2016-2017 til utskrift: