Forfattarmøte på dagsturhytter i Sogn.

Måndag 9. september startar ungdomsskuleturneen med forfattar Anders Totland på dagsturhytter i Sogn. Totland skal møte elevar på Eikjabu i Luster, Balabu i Balestrand, Mjølkeflaten i Lærdal, Vinjeåsenhytta Aurland og Orrabu på Leikanger.

Portrettfot av fortattar Anders Totland. Foto Per Egil Larsen.

Møtet mellom elevar og forfattar tek utgangspunkt i ein av Totland sine tekstar, som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.

Totland vil også gje eit innblikk i forfattarprosessen. Korleis oppstår idéar, kvar finn han inspirasjon, kvifor skriv han for ungdom?

Informasjon om tilbodet: skulesekken.no/produksjon/1305001.
Turnéplan: https://2.ksys.no/turne/1305024

Vil du vite meir om dagsturhyttene? Du finn meir informasjon her: sfj.no/dagsturhytta.