På turné for DKS Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) formidle profesjonell kunst til elevar i grunnskule  og vidaregåande skule i fylket.

stad

Ein god ambassadør!

På turné er utøvarane representantar for Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

• Det er forventa at utøvarane opptrer som gode rollemodellar.

• Det er viktig å vere imøtekommande og innstilt på å finne gode løysingar.


(Informasjonen kan lastast ned på pdf her -> )

DKS er ei nasjonal satsing finansiert gjennom overskot frå Norsk Tipping og bidrag frå kommunar og fylkeskommunar.  Sogn og Fjordane fylkeskommune ved kulturseksjonen administrerer satsinga i Sogn og Fjordane. Kvar kommune har i tillegg si lokale DKS-satsing.

Under finn du informasjon frå kulturseksjonen til utøvarar på turné i Sogn og Fjordane:

Turnéplanar
Utøvarane finn til ei kvar tid oppdaterte turnéplanar på www.skulesekken.no

Kontakt med skulane
Kvar skule har ein kulturkontakt som er utøvarane sin kontaktperson. Utøvarane skal kontakte skulane i forkant av besøket for å sikre seg at besøket vert så bra som mogleg. Ei veke til eit par dagar før. Utøvar skal alltid undersøkje med skulane om dei har elevar med særskilde behov, og avtale deretter. I tillegg sender kulturseksjonen påminning til skulane via e-post, og følgjer opp på telefon om naudsynt.

Reise, diett og overnatting
Kulturseksjonen bestiller reise til/frå Sogn og Fjordane etter avtale med utøvarane. Kulturseksjonen bestiller all overnatting og sender reiserute med oversikt over hotell før turnestart. Om utøvarane ønskjer å endre overnattingsstad undervegs, skal det skje via kulturseksjonen v/kontaktpersonen for turneen. PÅ turné får utøvarane dekka reise og diett etter statens satsar. Utbetaling skjer i etterkant. Om utøvar fører noko på hotellrommet må han hugse å gjere opp ved utsjekk.

Sjå elles om dette i kontrakten for turneen.

Leigebil
Etter behov tingar kulturavdelinga leigebil. Følgjande vilkår gjeld ved bruk av bil leigd av kulturseksjonen:

• Utøvarane skal alltid sjekke bilen for skader ved mottak / levering og melde frå til utleigar.

• Leigebilen skal leverast tilbake i same stand som då han vart tatt i bruk.

• Vert bilen levert tilbake til utleigar utanom opningstid t.d. parkert på flyplass, parkert hos utleigar og nøkkel levert i postkasse eller liknande, skal utøvarane om mogleg ta bilete av bilen for å dokumentere kva stand den er i. Bileta skal sendast til kulturavdelinga v/kontaktperson for turneen. Dette er for å sikre at kulturavdelinga ikkje vert belasta for skader/hærverk som blir gjort på bilen etter at utøvarane har levert han.

• Eventuell privat bruk av leigebil (til utflukter, sightseeing, private besøk og liknande) skal avklarast med kulturseksjonen på førehand. Det vert i kvart enkelt tilfelle vurdert om utøvarane sjølve skal betale for slik bruk.

• Ved privat bruk av leigebil må utøvar sjølv dekke eigenandel ved skade.
• Eventuelt tjuveri eller skade på bil/utstyr skal snarast meldast til kulturseksjonen. Dersom bilen vert skada, må utøvarane fylle ut skademelding.

Økonomi
Kulturseksjonen skriv kontrakt med utgangspunkt i gjeldande rammeavtale for oppdrag i DKS. 

Forsikring og skade
Utøvarane må sjølv syte for at utstyr/instrument er forsikra.

Kven svarar på spørsmål?

DKS-koordinator
Øyvind Høstaker
Tlf. 952 22 168
e-post: oyvind.hostaker@sfj.no

Produsent
Øyvind Lyslo
Tlf. 901 13 433
e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Rådgjevar
Trygve Apalset
Tlf. 415 30 883
e-post: trygve.apalset@sfj.no

Rådgjevar
Guro Høyvik
Tlf. 415 30 608
e-post:guro.hoyvik@sfj.no

Turneleggar
Solfrid Bygstad
Tlf. 415 30 610
e-post: solfrid.bygstad@sfj.no


God tur på turné i Sogn og Fjordane!