Tilbake

Nasjonal prøve

Alt dreier seg om ein gut som ikkje er her. Pulten hans står tom og gapande i klasserommet. Vidar er problemeleven som er flytta til ein annan skule, men fråværet hans bråkar meir enn nærværet. 

Klassen er samla til nasjonal prøve, men ingen klarer å konsentrere seg. Alle snakkar om han som ikkje er til stades. Nokre er triste, og andre let som om dei er triste. Det er komplisert med Vidar. I éin augneblink er han snill og kul, i den neste er han frekk og trugande. Så kjem nyhenda om at det har kome trugsmål om skyting på den nye skulen hans. 

Og det er no det verkeleg blir ubehageleg. Det er ikkje elevane sine ferdigheiter i lesing og rekning som blir testa i Nasjonal prøve, men vi som nasjon. Kva gjer vi med dei som ikkje passar inn, dei mest sårbare av alle? Vil Vidar skyte? Er det skuleverket, lærarane og til sist medelevane som har skapt ein terrorist? 

Stykket er skrive av vår eiga Maria Tryti Vennerød. Ho vaks opp i Sogndal og Førde, men er eksportert til heile verda. Stykka hennar er omsette til engelsk, tysk, fransk, svensk, dansk, russisk, ungarsk, rumensk, italiensk, portugisisk og sikkert endå fleire språk. Ho skriv dramatikk halvvegs i diktform, og ofte som ein kommentar til samfunnsdebatten. 

På Sogn og Fjordane Teater er vi veldig glade for å ha fått i stand eit samarbeid med dramalinja på Firda vidaregåande skule. Skodespelarane Reidun Melvær Berge og Wilhelm Støylen er med i denne framsyninga, i tillegg til 12-13 dramaelevar og lærar Vibeke Oskal.

Regi er ved Jeff Pedersen og prosjektet går over eit heilt år. Elevane skal lære om kostymer, lyd og lys. I tillegg skal det riggast og seljast billettar, og publikum skal takast imot på ein god måte. Det er ein mini-teaterskule i skulen, eit unikt tilbod til elevane på Firda vidaregåande skule.

Lærarrettleiing

Last ned:
Nasjonal prøve - pedagogisk opplegg

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • I samarbeid med: Turné arrangert i samarbeid mellom Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Sogn og Fjordane Teater

Om kunstnar / utøvar / gruppe

  • Produsert og presentert av Sogn og Fjordane Teater i samarbeid med Firda vgs, 2. klasse drama
  • Manus: Maria Tryti Vennerød
  • Regi og visuelt uttrykk: Jeff Pedersen
  • Lysdesign: Kristian Myska

Publikumskommentarer