Tilbake
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth
Oddleiv Apneseth
Jorun Marie Kvernberg

På Geitevis

På Geitevis er ei heilt ny konsertframsyning som tek utgangspunkt i Aasmund Olavson Vinje sitt liv og dikting i samband med 200-årsjubileet hans. Vinje var frå Telemark og er kjend som både forfattar, journalist og lærar. Han var ein av dei fyrste som aktivt nytta nynorsk både i dikt og prosa. På denne konserten vert mange av dei mest kjende dikta og songane hans presentert på ein engasjerande og folkemusikalsk måte. Den raude tråden i framsyninga er GEITA, som Vinje sjølv skildra i visa Blåmann, Blåmann. Det å ha slik ei forståing for og kjærleik til eit dyr er noko som mange kjenner seg att i.

På geitevis er også eit møte mellom to jazzmusikarar og to folkemusikarar. Daniel Herskedal sin virtuositet og fantasi på tubaen har vekt åtgaum langt utover landegrensene. Dag-Filip Roaldsnes er ein av våre finaste jazzpianistar med eit eigenarta, granskande og søkande uttrykk. Folkesongar Unni Boksasp har sunge seg inn i mange hjarte med si klangfulle og klåre nordmørske røyst. Jorun Marie Kvernberg kjenner vi både som solist og frå mange ensemble, mellom andre Majorstuen. Ho er ikkje berre ein storarta fiolinist, men står også fram som ein solid komponist. Ho var den norske komponisten i storverket Nordic Sound Folk Orchestra som var fjorårets opningskonsert på Førdefestivalen. 

Jorun Marie seier dette om utgangspunktet for framsyninga:

- Me byrja å drodle rundt det med geita. Vinje var veldig glad i Blåmann, som alle veit. Han identifiserte seg med geita og eigenskapene den har, det kan vi sjå både i dikt og prosa. Vinje fortel også om hesten som går seg fast og mest svelt i hjel, for den kjem ikkje på at den kan snu. Dette er hestenaturen, iflg. Vinje, utan evne til å ombestemme seg. Men dette hadde ikkje hadde skjedd om det var ei geit. For geita veit å snu seg. Ho finn nye løysingar når den første ideen ikkje fungerar, ho vender om når ho må. Og dette er typisk for Vinje. Å vere den tvisynte, den som nettopp verdset det å kunne skifte meining. Litt som i uttrykket "Feilen med verda er at dei dumme er så skråskikre på alt, og dei kloke så fulle av tvil".

Førearbeid

Det er fint om elevane kan vere med å synge «Blåmann, Blåmann, bukken min» på konserten. Sjå vedlagte PDF med tekst. Det kan også vere ein god idé å snakke litt om Aasmund Olavson Vinje på førehand.

God konsert!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no
  • I samarbeid med: Førdefestivalen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Publikumskommentarer