Tilbake
Medieoperatørene
Medieoperatørene
Medieoperatørene

Tungeskjærerne

Vi er i Nord-Noreg, i landets største fiskerikommune, Øksnes i Vesterålen. Saman med fiskarar som sløyer torsk så blodet sprutar, står Tobias (10) bøygd over eit kar med avskorne torskehovud. Han svingar kniven skremmande kjapt, medan han skjær torsketunger som han trer ned på ein lang, skarp spikar. Vi møter også jenta Ylva frå Oslo, ho skal prøve å skjære tunger for første gong.

På kaia har Tobias og hundretals andre barn tent eigne pengar frå 5-årsalderen. Dei arbeider som torsketungeskjærarar, og mange kan tene opp mot 50 000 kroner i løpet av vinteren. Denne jobben har alltid vore for barna, ein tradisjon som har vart like lenge som fiskeria i Nord-Noreg.

Lærarrettleiing

Last ned:

Føre- og ettrarbeid i filmstudiearket

Det er muleg for lærarar å sjå filmen på førehand viss det er ønskjeleg. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Medieoperatørene as
  • Idé/ opplegg: Solveig Melkeraaen (regissør, Medieoperatørene)

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Solveig Melkeraaen (regissør hos Medieoperatørene) er ein av Norges fremste dokumentarregissørar. Ho har mellom anna laga filmen Flink pike.

Publikumskommentarer