Tilbake
Anders Totland. Foto: Per Egil Larsen.

Forfattarmøte: Anders Totland

Verda er i forandring. Klimaendringar, kva skjer og kvifor skjer det? Er det mogleg å forstå, mogleg å gjere noko med?  Kva betyr vår livsstil for miljøet? Korleis kan ein ta miljøvenlege val? Og er vi eigentleg villige til å gjere grepa som må til?

Anders Totland er ein samfunnsengasjert sakprosaforfattar som har skrive ein tekst som tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk inviterer han elevane til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss.

Totland gir vidare eit innblikk i forfattarprosessen, korleis oppstår idéar, kvar finn han inspirasjon, kvifor skriv han for ungdom?

Kommunar: Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland

Turneperiode: veke 37 og 38

Lærarrettleiing

Last ned:

Skulane får tilgang til teksten Totland baserer framsyninga si på saman med eit knippe refleksjonsoppgåver som klassane kan jobbe vidare med etter framsyninga.​​​​​​​

Folkebiblioteket tilbyr lån av Totland sine bøker. Biblioteket vil kunne lage temautstillingar i biblioteket med andre aktuelle bøker og ta i mot klassebesøk, eller lage bokkassar som kan lånast til klasserommet. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek tilbyr klassesett av Totlands bok «Engel i snøen». Les meir om klassesettordninga og lån bøkene her.

Spørsmål om bøkene, om tinging m.m., kan rettast til fylkesbiblioteket ved

Anne Marit Ytterbø,  tlf: 57 63 79 55,  Anne.Marit.Ytterbo@sfj.no

Astrid Sundset Moe, tel: 57 63 79 53,  astrid.sundset.moe@sfj.no

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattar Anders Totland (1986) har dei siste åra gitt ut fleire bøker for barn og unge på nynorsk. I år er han aktuell med «Nattmannen» (2019). Den siste romanen «Nedteljing» (2018) er ei av bøkene som ungdom sterkt anbefaler på uprisen.no – kåringa av årets ungdomsbok. «Den norske slavehandelen» (2018), «Så lenge ingen ser oss» (2017) og «Engel i snøen» (2016) har hausta gode kritikkar og slår også godt an hos unge. Totland sine skjønnlitterære bøker passar godt også for uvante lesarar eller dei med ulike lesehemmingar som treng tilrettelagd litteratur.

Publikumskommentarer