Tilbake
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater
Sogn og Fjordane Teater

Geitejazz (Sogn og Fjordane Teater)

I denne forestillinga inviterer Idun Losnegård og Jacob Wyrtz elevane til å vere med på ein oppjazza versjon av eventyret «Ulven og dei sju geitekillingane». 

I eventyret møter vi geitemamma og dei sju geitekillingane hennar, i tillegg til ein litt småsvolten ulv. Ein dag må geitemora ut for å leite etter mat og dei sju killingane må vere att aleine heime. Ho gir killingane sine streng beskjed om at dei ikkje må opne døra for nokon, og iallfall ikkje ulven. Killingane gjer så godt dei kan, men ulven kan mange triks som ein må ha levd i fleire geiteår for å kunne gjennomskue. Han et krit for å gjere stemma mildare, og han drysser mjøl på dei svarte labbane sine. Klarer han til slutt å setje tennene i det møre kjøtet deira...? 


Distriktsmusikar og gitarist Jacob og skodespelar og songar Idun elskar å lage musikk saman med born. I denne framsyninga brukar dei improviserte jazzrytmar og musikalske krumspring for å gjere forteljinga meir levande. Men Idun og Jacob er også heilt avhengige av hjelp frå publikum til å få til den rette grooven. Elevane skal difor få vere å lage lyden av det bankande hjartet til killingen som gøymer seg i klokkeskåpet, og ikkje minst uvêret som bryt laust når ulven brått står midt på stovegolvet.

Førearbeid

Viktig melding frå Idun og Jacob i Geitejazz:

Geitejazz vil gjerne ha teikningar frå elevane! Teikn ein eventyrfigur, gjerne frå favoritteventyret ditt eller kanskje frå eit eventyr som du hugsar veldig godt? Det kan vere eit stort eller lite dyr, eit rart vesen, eit tøysete troll eller ei morsom jente eller gut eller person - du bestemmer sjølv!  Bruk masse fargar og fyll ut heile arket.  Vi skal bruke lommelykt til å lyse på teikningane, og då er det supert med mange fargar på arka:-)

Vi vil bruke eventyra i byrjinga av forestillinga!  Heng opp teikningane i rommet der framsyninga skal vere (men ikkje på den veggen der vi skal stå - der kjem ein bakvegg).  Heng gjerne opp på begge sider av sceneområdet. 

Dersom de må reise til ein annan skule for å vere med på framsyninga, ta teikningane med!

Takk frå Geitejazz!

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sogn og Fjordane Teater
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob 90 11 34 33
  • I samarbeid med: Sogn og Fjordane Teater
  • Idé/ opplegg: Utøvarane i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Idun Losnegård arbeider til vanleg som skodespelar ved Sogn og Fjordane Teater. Men Idun er ikkje berre ein dyktig skodespelar, ho har også ei svært god stemme som ho mellom anna nyttar i bandet Mrs. and the Pitifuls. I dette bandet starta samarbeidet med gitarist Jacob Wyrtz. Han er tilsett som distriktsmusikar i Førde kommune, og er mykje nytta både som klassisk gitarist og elgitarist. Idun og Jacob er begge interessert i både jazz og geiter, og gledar seg til å spele litt skikkeleg geitejazz for elevane.

Publikumskommentarer