Tilbake
Lena Skjerdal
Lena Skjerdal
Lena Skjerdal

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Til konserten "Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar" har Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen komponert ny musikk for born basert på nynorske dikt skrivne av Lisbeth Dreyer. Dikta vart utgjevne i 2014 på Skald forlag og er illustrert av Per Ragnar Møkleby. Dikta er alle på rim og fortel på underfundig vis om livet i fjorden og i fjæresteinane. Tekstane inviterar til musikalsk fabulering, rytmiske og groovebaserte låtar, alt frå slentrande blues til stram tango og lyriske svev – alle med improvisasjon og leik som gjennomgåande element, med kommunikasjon og medverknad frå publikum i høgsetet.

Musikarane har henta inspirasjon frå både norsk folkemusikk, reggae, nord-indisk ragabasert musikk, balkaninspirert folkemusikk, tango, amerikansk soulfunk, vest-afrikansk call-response - alt med utgangspunkt i opne øyre og levande samspel. 

Førearbeid

På konserten vil elevane få høyre om mange av fantane i fjæra. Forutan Konrad Kråkebolle, Enevald Eremittkreps og Bella Blåskjell, vil dei bli meir kjende med ma. Karelius Krabbe, Sabine Strandsnigel, Rikarda Reke og Siv Sjøanemone. Det er flott om elevane på førehand kan teikne eller male sine versjonar av nokre av desse fjærefantane til pynt i konsertlokalet.  

Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og DKS Sogn og Fjordane og er samarbeidspartar i utviklinga av dette konsertprosjektet.

Lærarrettleiing

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Halvorsen
  • Produsent: Øyvind Lyslo, e-post oyvind.lyslo@sfj.no, mob. 90 11 34 33
  • Idé/ opplegg: Lena Skjerdal i samarbeid med Knut Lothe og Erik Halvorsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Lena Skjerdal kjem frå Sogndal og kjend som både songar, komponist og tekstforfattar. Lena har gjeve ut fleire CD-album og har hovudfag i etnomusikologi frå NTNU i Trondheim. Lena er busett på Leikanger og er i dag tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, i tillegg til å vere frilansutøvar.

Erik Halvorsen spelar tangentinstrument og har tidlegare arbeidd som landsdelsmusikar i Nord-Noreg. Han er for tida busett i Bergen og har spelt med ei rekkje norske musikarar, ma. Sondre Lerche, Helen Eriksen og Johan Sara. Han er også utdanna komponist.  

Knut Lothe er med sine 3500 konsertar for Rikskonsertane/Den kulturelle skulesekken ein av landets mest erfarne utøvarar på konsertar for barn og unge. Knut er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og har spelt med ma. Fabel, Rockebandet Plopp, Ytre Suløens Jass-ensemble, Nordnorsk Kammerorkester, Magnolia Jazzband og Funky Butt.

Publikumskommentarer