Tilbake
Pål Arve Myklebust
Pål Arve Myklebust

Frå Bygd til Beat

​Hiphop som identitetsbyggjar

Denne konserten knyter saman hiphop og artisten Son of Light (André Hadland) si personlege historie. Etter at han såg filmen "Beat Street" i 1984 opna det seg ei heilt ny verd for Son of Light. Han vart lidenskapeleg oppteken av musikken og gjorde alt for å finne ut meir om ein sjangar ingen før hadde høyrt om i Mandal. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock, kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned! Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar?

I dette prosjektet går Son of Light til til sine røter, nemleg å spele med levande musikarar i staden for programmerte rytmar, slik han gjorde då han var 19 år og ga ut plate saman med Helen Eriksen på plateselskapet Blue Note. Besetninga med orgel, trommer og rap byr på eit "dirty" og ope sound som er lett å like. Denne besetninga skapar også fleksibilitet og gjer det også mogleg å samhandle og kommunisere med elevane som det ikkje er så lett å få til dersom ein berre nyttar DJ.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Produsent: Øyvind Lyslo, mob. 90 11 34 33, e-post: oyvind.lyslo@sfj.no

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Son of Light, André Viervoll og  Øystein Hvamen Rasmussen.

Son of Light er ein av dei aller mest krediterte rapparane i Noreg. Få andre norske rapparar kan gjere ein slik turne med like lite bagasje! I samarbeidet med André Viervoll (Noora Noor og Queendom) og Øystein Hvamen Rasmussen møter han to musikarar som som har svært lang fartstid med denne typen musikk her i landet.

Publikumskommentarer