Tilbake
Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus
Adele Lærum Duus

Farfars bombekrater

"Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!"

I denne spennande teaterframsyninga får ein oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos og blodpudding til middag, gå rundt i sko laga av fiskeskinn og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm?

Dramatisk vart det på vesle Voss då bygda vart bomba i aprildagane i 1940. Doktorhuset vart treft av ei av bombene, og denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Det er forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus som aleine spelar ut historiene som hennar farfar fortalte henne då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebytte, bilete og musikk.

Desse historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater», nydelig illustrert av Elisabeth Moseng. Boka kom ut på bergensforlaget Mangschou hausten 2015. Krig er eit vanskelig tema å formidle for barn, og dessverre også svært aktuelt i våre dagar. Farfars bombekrater gir et nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein helt vanlig familie, og viser korleis håpet, humoren, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår.

Lærarrettleiing

Last ned:
Om lærarorientering og utsending av bøker.

Læraroreintering frå Adele Lærum Duus ligg vedlagt (lenke nederst i dette feltet), DKS ber om at alle skulane les gjennom denne i forkant av at framsyninga kjem til dykk.

Ver spesielt merksame på avsnittet om gjennomføring: "..Fylkesbiblioteket har sendt ut bøker som skolene får, og de kan hentes på hovedbibliotekene i kommunen. Les boken på forhånd. Dete gir elevene større utbytte av opplegget. For barn som av ulike grunner kan reagere på krigstematkken, er det ekstra viktg å være forberedt på innholdet i boken og framsyninga." og "...Under forestllingen oppfordres lærerne tl å sete seg ned sammen med elevene. Selv om «Farfars bombekrater» først og fremst dreier seg om hverdagslivet under krigen, forekommer det også enkelte scener med høye lyder, som skudd, flyalarm og lyden av bomber. Da er det godt å ha trygge voksne i nærheten. Lydene varer ikke særlig lenge, men det er særlig viktg å være tilstede for barn som av ulike årsaker kan tenkes å reagere på dette. Dersom noen barn ønsker og trenger det, kan de komme frem og snakke med meg etter
forestillingen."

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • I samarbeid med: Musikk: Hallvard Lærum. Regi: Annicke Gill.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar frå Bergen. Ho er cand.philol. i litteraturvitskap og driv sitt eige vesle teater- og litteraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særlig har barn som målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør-Norge med sine framsyningar og formidlingsopplegg sidan 2005. I 2013/2014 turnerte ho for DKS Sogn og Fjordane med en framsyning basert på si første bok: «Oldefars ulveskinnspels». «Farfars bombekrater» er ei frittståande fortsetjing av denne.  For meir informasjon, sjå: www.lyslevendeadele.no

Publikumskommentarer

Kjekt, spennande, flott opplegg, gode historier, fengande gjennomført, sterk og dyktig skodespelar. Viktig å ha lest boka på førehand. Litt lang framsyning for dei yngste elevane.Framsyninga burde vore lagt til ei scene slik at elevane slapp å sitte på samme nivå som framsyninga var på. Vanskeleg å sjå for dei som satt bakerst i gymsalen. Publisert av: Gunnfried Sund (klasse - Krokane skule) – 25.10.2019 15:18