
Giovanni frå Dalen
Musikk, Trinn: 8-10
Musikalske sjekketriksEit skråblikk på kjærleik i musikken. Ein songglad bonde frå Jostedalen møter ein berømt cellist og ein konsertpianist. Då kan litt av kvart skje. Om programmetDon Giovanni eller Don Juan er ein legendarisk, oppdikta figur kjend frå verdslitteraturen, mellom anna i romanar, operaer, film og drama. Don Giovanni var både ein førførar og skjørtejegar som ma. komponistern Wolfgang Amadeus Mozart baserte sin kjende opera på. På skulekonserten «Giovanni frå Dalen» får publikum oppleve ein storsjarmør, her i eit meir aktuelt tidsperspektiv, der Giovanni rett og slett er ein syngande bonde frå ein dal i Sogn og Fjordane. Sjølv om han trivst godt i den mektige naturen, er tilværet som sauebonde litt einsamt. Giovanni lengtar difor etter ei han kan sjarmere, og får etterkvart mange tips av både cellisten og pianisten om kva han kan gjere. I programmet vert det framført musikk i eit musikalsk spenn frå Mozart, Grieg, Bartok og Schumann, til Morricone, Grandados og Leonard Cohen. FørearbeidDet er fint om elevane får setje seg inn i legenda om Don Juan og gjerne høyre på musikk frå operaen «Don Giovanni» av Mozart. I framsyninga vert melodiane «Deh vieni alla finestra» og «Madamina, il catalogo è questo» (katalogarien) framført frå denne operaen (sistnemnde på norsk). Søk gjerne på melodiane på YouTube (versjonar på italiensk eller engelsk) eller Spotify. Praktisk om konsertbesøketVi ber om at kulturkontakten, ev. ein lærar eller elev kan vere med Bjørn Gisle Seter rundt på skulen (td. på lærarrommet) for å kunne ta nokre bilete før konserten. Sjå også dei andre punkta om praktisk konsertførebuing. Det er fint om ein elev eller lærar kan lese opp fylgjande rett før konserten tek til (to elevar kan også dele på det):"Velkomen til forestillinga "Giovanni frå Dalen"! De vil få møte storsjarmøren og skjørtejegeren Don Juan, i dag som ein syngande bonde frå Jostedalen. I møte med cellisten Hans frå Sverige og pianisten Akiko frå Japan får de oppleve eit skråblikk på kjærleik i musikken. Då kan litt av kvart skje!" God konsert!Regi: Jeff Pedersen