Sjekkliste for kulturkontakten

Sjekkliste

Kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skulane, DKS og utøvarane. Her finn du viktig informasjon for kulturkontakten. 

Informasjon

- Kulturkontakten skal halde DKS Sogn og Fjordane oppdatert på timeplanar, elevtal, elevfrie dagar og kontaktinformasjon til kulturkontakt og skulen. Dette gjerast på KSYS.

- Være godt orientert om tilbodet som kjem frå DKS Sogn og Fjordane. Prioritere høgt å delta på DKS sin konferanse på hausten

- Sjekke nettsida www.skulesekken.no  jamleg.

- Sjekke e-post dagleg.

- Sjekke fakta-ark, lærarrettleiing og tekniske spesifikasjonar  på www.skulesekken.no

- Gjere informasjonen om framsyningane lett tilgjengelig t.d. på oppslagstavler/ lærarrom

- Vidareformidle og sikre informasjon til kontaktlærarar om dei ulike tilboda

- Følgje opp elevar eller andre som får delegert ansvar ved besøk på skulen

- Syte for at lærarane gjev alle elevar informasjon om tilboda slik at dei er godt førebudde. NB! Bruk DKS-plakaten!

- Bestille buss dersom skulen skal reise til ein annan skule eller lokale for å sjå framsyning eller konsert. DKS refunderer alle kostnader til transport når det er DKS som har lagt opp til reise i turneplanen.

- Ruteselskapet  fakturerer direkte til DKS og må merkje fakturaen med namnet til skulen og kva DKS- tilbod refusjonskravet gjeld + dato.

- Fakturaadressa vår  er: Sogn og Fjordane fylkeskommune, løn- og rekneskapsavdelinga, Askedalen 2, 6863 Leikanger. 

Kontakt med utøvarane på arrangementsdagen

Kulturkontakten er skulen sin kontaktperson for utøvarane.
Utøvarane tek kontakt på førehand for å avklare praktiske forhold knytt til framsyninga.

• Vere hyggelig vertskap, ta imot utøvarane og syte for bærehjelp etter behov.
• Vise utøvarane spelestaden, garderobe og lærarrom
• Ynskje utøvarane velkomne og eventuelt introdusere framsyninga
• Takke utøvarane

Sjekkliste for konsert, danse- og teaterframsyningar
• Er konsertlokalet ledig?
• Trengs det bærehjelp?
• Kor lang riggetid har utøvarane, og kor tid kjem dei til skulen?
• Skal det være blending?
• Er temperaturen i lokalet ok?
• Er det nok straum tilgjengelig?
• Korleis  skal elevane plasserast?

Etter framsyninga
• Bidra til at skulen/einskildlærarar sender inn evaluering på KSYS etter besøk/framsyning.

Til slutt
Avklar med utøvarane læraren si rolle under framsyninga; er de publikum på linje med elevene? Kven grip inn i dei tilfella det utviklar seg uheldige situasjonar ved td. bråk?
 

Vis interesse; sjå framsyninga i lag med elevene og kollegaer!

Plakat neste DKS-frasmyning